Business of the Year at Nordfjordtreffet

Foto: Fjordabladet

Innvik AS was named Company of the Year at Nordfjordtreffet in April 2023.

Grunngjevinga:  

Familebedrifta har dei siste åra gjennom ulike utfordringar som finanskrise og covid-pandemien, vist sterk omstillingsevne og har gjort strategiske grep som har ført til både vekst og utvikling. Innvik AS er ein av dei mest respekterte innan sin bransje. Erfaring, kvalitet og kompetanse er i fokus, og dei har samarbeid med fleire leiande aktørar i Europa. Selskapet har stor internasjonal vekst, og er ei hjørnesteinsbedrift i Innvik. Selskapet sysselset i dag over 50 personar og bidreg til eit levande bygdesamfunn. Innvik AS har også eit svært tydeleg fokus på berekraft. Mellom anna har dei som målsejing å bli CO2 nøytrale, og investerer over 50 millionar kroner for å nå dette målet. Innvik AS er ein verdig vinnar av «årets bedrift».

– Ein viktig årsak til at vi kan motta ein slik pris, er dei tilsette i alle ledd. Det hadde ikkje vore mogleg å drive tekstilfabrikk i internasjonal konkurranse frå Innvik, utan å ha dei beste folka. Det er folka våre som skaper verdiane, seier Bjørn Aage Haugen.

Gasta Design

We create profitable websites based on Squarespace, and are happy to develop your visual identity or help you with digital marketing.

Previous
Previous

New facilities in our factory

Next
Next

Innvik AS received third prize in Drivprisen 2020